Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Alle i storfamilien visste kem tante Brita var. Alle var glad i ho, og ho var glad i alle. Brydde seg om alle, spurte og grov korleis da gjekk med den og den, viste stor interesse om ka alle balte med, skriver gjestekommentaren Gunnar Låstad. (Tegning: Sigve Solberg)  

Klartenkt til da sista

Facebook: Hva tenker du på? Eg: Tante Brita.

Ja, da var da førsta so slo meg. Tante Brita. Løye og. Men da va’kje ein særlig god ide å svara Facebook, so eg bestemte meg å skriva om tante Brita i Åsane Tidende, da fortjena ho. Alle i storfamilien visste kem ho var, og alle var glad i ho, og ho var glad i alle. Brydde seg om alle, spurte og grov korleis da gjekk med den og den, viste stor interesse om ka alle balte med. 

Viktig at alle får seg utdannelse, sa ho alltid. Sjølv fekk ho inga utdanning, jobba mange år i Salhus Tricotagefabrikk som mange andre på den tia. Då ho slutta som 67-åring, flytta ho etter kvart opp på gamleheimen i Salhus, Kveldheim. Då heimen vart historie, fekk ho seg leilighet på Såtabu i Knarvik saman med fire andre frå Kveldheim. 

Etter kvart fekk desse fem beskjed om å flytta, Bergen kommune ville ikkje betala Lindås kommune for opphald dar. Tante Brita skulle på ein aldersheim på Møhlenpris stod da i brevet. På Møhlenpris! Dei kan’kje vera riktig kloke. Eg blei forbanna, for å sei da so da er. Kom ikkje på tale, tenkte vi, og satte himmel og jord i bevegelse for at desse fem skulle få bu på Såtabu resten av sitt liv. 

Frå leiligheta på Såtabu såg ho sørøve mot Salhus og mot dar ho vaks opp, i Tellevik, og då hadde ho da bra. Sånn skal da vera og, dei åra ho hadde igjen. Avisa blei kontakta, og eit førstesidebilde med ein stor reportasje om behandlinga dei gamle fekk. Vi fant oss rett og slett ikkje i da. Ein lång historie kulminerte med at dei skulle få bu dar resten av sitt liv. Skulle berre mangla, ein kan ikkje tillata at gamle blir behandla som kveg, eller brukt i eit rekneark for politikara. Da får rett og slett vera måte på behandling. Da handla om respekt for dei gamle. 

Tante Brita blei født i 1898 og var nest yngst av elleve søsken. Den eldste i flokken gjekk bort berre fire år gammal. Dei andre vaks opp, og tre av dei busette seg i Salhus ved sia av gamleskulen, saman i fleire år. Søstra deira gifta seg i Salhus, med garverson Ola Kalvik, og dei skulle bli mine besteforeldre. Tante Brita var altså tante til mi mor, men som sagt blei ho tante Brita for alle i fleire generasjonar. Ho vart ikkje gift, levde singel i heile sitt liv. Storfamilien blei «hennar barn». Tippa at da er mange som har ei slek «tanta» i familien.

Ho vaks opp på Tellevik på «Magnegården», som eg vil kalla han, men trur nok han er bedre kjent som «Magnhildgarden» for dei aller fleste i området. Rekna med at da er mange som har skredd på akebrett nerøve «Magnhildbakken» vinterstid. Ser du ner til venstre rett før du kjøre inn i Hordviktunnelen, frå Telleviksia, vil du sjå gården. Ho var naturlig nok svært knytta til gården i «Tillevikje» og familiane som har røtena sine darifrå. 

Eg var ofta oppe hjå ho etter skulen, huset låg vis-a-vis gamleskulen, og då blei da alltid servert brus og kromkake. Fekk eg gode karaktera på diverse prøva var eg ikkje sein om å visa, og då vanka da gjenna ei krona som eg brukte til snop hjå Alfred’n på Haulaite. Ho såg nokke godt i alle, og alle var fine og flotte. Skulle du likavel ta utdannelse som lærar var da tå da sværaste. Da va da ho skulle vore, lærer for barn og unge. For dei som huska lærar Borghild Falkanger tør eg å meina at dei to var tå same sorten.

Eg som begynte tidlig i posten, uten utdannelse, var likevel sikra resten av livet, sa ho. Jobb i da offentliga var goa greie. Sant skal vera sant, har aldri stått i fare for å bli oppsagt. Skal vera glad for da. Halvanna år til og eg kan melda meg til AFP. Vi får sjå ka da vært te. 

Ferietura blei da vel heller lite av vil eg tru, men ho følgte nøye med kor andre reiste. Huska mor sendte kort til ho jevnlig når vi var på campingtur, med fine motiv. Tante Brita fant fram kartet og streka opp kor vi hadde kjørt, ho hadde stor geografikunnskap. Ei klok dama, ikkje nødvendigvis på akademisk plan, men på da menneskeliga var ho fantastisk. Kan ikkje huska at ho snakte stygt om nokken. Rolig og avbalansert. Ydmyk og tolerant. Sjølvsagt kunne ho heva stemma, ho som alle andre. Ho kunne rett og slett irettesetta på ein måte som gjorda at vi lytta. Tippa eg fekk nokken sånna beskjeda i oppveksten.

Mine minner er likavel latter’n og smilet som kom fram når vi var på besøk, og sånn var da for alle i min generasjon, og heilt sikkert generasjonen før meg. Vi var alltid velkommen, og kromkakena fekk bein å gå på. Og sitronbrusen.

Ein gong då mor og far og søster var i bryllup, skulle desse tre damena vera barnevakt for meg. Dei visste vel ikkje heilt ka dei gjekk til. Eg hadde visst tatt heilt av, med ei romstering som dei ikkje var vant til. Blant anna hadde lenestolane fått kjørt seg. Språng for full fart mot lenestolane og kaste meg mot ryggen til ein av dei slek at han tippa bakøve og eg følgte med og rulla bortetter golvet. «Eg trudde han skulle drepa seg,» sa ho eldsta tå dei. Da endte selvfølgelig med grining, men eg hadde god trøst. Då foreldra mine kom frå bryllupet om natta, var dei gamle heilt utslitt. Da blei med den gongen. Forståelig nok.

Ein an historie var at eg, i hennar 80-årsdag, åt 31 snitta. Ho hadde talt alle. Da er fortsatt rekorden min, når da gjedt snitta, vel og merka. Raspeballerekorden min vil eg holda for meg sjøl, i allefall inn til vidare. Veit’kje heilt om eg er stolt av da, men får eg ein ide so vært da vel sånn, da va’kje for at eg trengte da.

På 100-årsdagen fekk ho besøk frå ordførar’n, som hadde med seg telegram og innramma diplom frå kongen, som alle 100-åringar får. Sjølvsagt var ho stolt og glad for oppmerksomheten, men då ho fortalte om besøket sa ho: «Eg rekna med at da ikkje e han sjøl som har ordna diplomet». Klartenkt til da sista.

I hennar år på Såtabu, var mor og tante Martha på besøk so godt som kvar onsdag. Siste besøket var tilfeldigvis på ein lørdag. Då dei skulle gå, tok ho armane godt rundt dei og sa: «Tusen takk for alle besøk, og for alt de har gjort for meg». Da va’kje vanskelig å sei ligeså. Mandagen etter var ho død, stille og rolig, klar og oppegåande, mett av dage 100,5 år og med diplomet frå kong Harald øve senga. 

Av Gunnar Låstad