Lokalavis for Åsane og omegn!

Bila, trafikk og lyskryss

Åsane e’kje som før. Mykje har forandra seg dei siste 50 åra. Flatbygda på Nyborg er blitt ein jungel av bila, asfalt, støy, eksos, rundkjøringa og kjøpesenter.

Stressnivået er høgt kor enn ein skal, eg prøve å unngå da so godt eg kan, men da e’kje enkelt. At utviklinga går den vegen er i og for seg forståelig, skapa mykje arbeidsplassa i nærområda. La oss likavel håpa at samfunnet å dei tar vare på dei grøne lungena og ikkje blir frista til endå meir utbygging.

I flere år har diskusjonen gått om Nyborg-tunnelen, uforståelig for meg at den ikkje kom samtidig med brua. Kom seg litt med Eikåstunnelen, og dei på Vikaleitet må ha fått da himmelsk. Steinestøvegen er ei trafikkmaskin med bilar og kø døgnet rundt, for ikkje å snakka om Tellevikvegen som til tider rett og slett er eit mareritt. Tanken har slått meg, og andre, om ein sykebil står fast, eller ein brannbil på utrykking. Ka då?

Trafikkbildet har forandra seg, og bilen blir brukt til nesten alt. E’ da nødvendig, kan vi heller gå? Garantert, men da makeliga frista – eller vi ha’kje tid til nokke ant. Litt bedre planlegging og ein kan hiva seg på ein sykkel, eller beregna litt bedre tid og heller gå. For min del ein ønsketenkning, hiv meg i bilen som svært mange andre.

Mindre trafikk før ja, og egentlig sjelden at ein bil skulle siga gjennom Salhus. Har ei lita skrivebok som eg har tatt vare på som er full i bilnummer. Vi sat på støypekanten på Nygård i fleire tima og skreiv. Alltid spennande å sjå ka bila som kom, og skulla da komma eit dollarglis sigande, var da sværa greie. Den mest spesielle var uten tvil familien Sunde sin Citroen; brei framme og smal bak. Ein god nummer to må ha vore Anglia, artig bil. På linja med 2cv’en. Tøffast var da når Vidar’n kom med dollargliset sitt. Raud med kvite vinger.

Vinter’n var kjekk når bussa og bila spant seg opp frå kaien i Salhus. Den einaste bilen som imponerte var bobla. Elegant – jaja – elegant og elegant, men ho seig fint oppøve mot  Nygård og sikkerheten.

Dei tøffaste guttane hengte seg på støtfangarane til bussane. Eg var ikkje tå dei. Blei dei merka av bussjåføren fekk dei so øyrna flagra, men da prella av sjølvsagt.

Om kveldane fant vi fram rattkjelken, kjelke og krybba med styrestav og kjørte full guffe frå Nygård og ner på kaien. Kjempefart og fantastisk gøy. Ikkje ein bil i mot, men vi bytta på å stå vakt i tilfelle. Ein kompis klarte ikkje svingen på kaien mot fabrikken, og måkte rett i hjørna på fabrikken. Slo seg selvfølgelig, men for opp igjen og satte fart nerøve igjen. Blødde i frå skolten, men tørka vekk med snø.

Krybba var gøy, ein kompis hadde ei svær med ordentlige meia. Fullt lass, huska ikkje heilt kor mange, men vi raste ner gamlevegen i Salhus frå Nygård i vill fart før strøbil’n kom, med Arild som styremann. Skulle strøbil’n prøva seg, va’kje vi seine med å kosta vekk da vi klarte.

Endå verre var da vel ner Tellevikvegen; smalt, uoversiktlig og litt for tøft for meg,  farten blei for høg. Heldigvis hadde vi, eller dei, vet te å sjekka bila på veg oppøve. Hadde ikkje gått i dag med den voldsomme trafikken, pluss at den gongen salta dei ikkje. Snød’n var hardpakka etter at plogen hadde vore dar. Eller vi skredde i bakken, mot og forbi dar eg budde som liten. Bileigarane likte ikkje da, temmelig bratt ner og dei sleit med å komma seg opp i hovedvegen. Dei «snillaste» parkerte bilen oppe ved idrettsplassen, sånn at vi fekk bruka bakken.

Trafikken er sjølvsagt komt for å bli, og meir vegbygging blir da vel. La oss håpa Nyborgtunnelen blir starta på, snarast.

Fleire har fått sertifikat, og fleira kan verken rygga eller burde kjørt bil. Mykje løye å sjå i trafikken, og rundkjøringa er visst eit stort problem for mange.

Enkelte forandra personlighet når dei er ute å kjøre bil. Rolig og sindige mannfolk eller kvinnfolk asa seg opp og banna og steikje når dei set seg bak rattet. Går da ikkje akkurat som dei har tenkt, er da ikkje måte kor mange idiotar da er på vegane. Aller helst burde dei vore aleina på vegen.

Eg sei’kje at ein kompis er ein tå dei, men eg kan i allefall sei at han er hissig i trafikken. Vi var på veg til eit møte inne i by’n, bilen var full og stemningen god. Men vi hadde da litt travelt.

Kjøreturen gjekk fint til vi kom til sentrum, då kom dei raude og grønna lysna. Ein liten påkjenning kan du skjønna. Tålmodigheten får brynt seg.

Vi låg som bil nummer tre i lyskrysset på torget ved kjøttbasaren. Mykje trafikk. Da kom bila i alle baua og retninga, og uansett lys må ein ha både aue og øyre med seg. Folk blir forvirra og usikker, og bilen som stod først, eller sjåføren som kjørte bil nummer ein hadde tydeligvis feil fokus. Då da grønna lyset dukka opp og sjåføren ikkje kjørte – umiddelbart – sveiva kompisen ner vindauga og skreik:

HAR DU TENKT Å VENTA TIL HEILE STOLPEN E’ GRØNN?

 

Av Gunnar Låstad

Fakta

Enkelte forandra personlighet når dei er ute å kjøre bil, skriver gjestekommentar Gunnar Låstad. (Tegning: Sigve Solberg)