Lokalavis for Åsane og omegn!

Elvemuslingene dør ut

– Elvevatnet har høgare innhald av partiklar, fosfor og nitrogen enn det som er godt livsmiljø for elvemuslingen. Dette er det største direkte trugsmålet mot bestanden i Haukåselva, seier biolog Steinar Kålås frå konsulentfirmaet Rådgivende biologer.

På oppdrag frå Fylkesmannens miljøvernavdeling har han kartlagt førekomstar av den raudlista elvemuslingen i Hordaland. Arbeidet starta i 2007, og har blitt utført ved direkte observasjonar og ved undersøkingar av gjellene til ungfisk av laks og aure frå ei rekkje elvar. Teljingane viser at det no er rundt 300 muslingar igjen i Haukåselva.

 

Døyr ut

 

– Elvemuslingen er av mange rekna som den mest trua ferskvassmuslingen i
verda, fortel Kålås.
– Over halvparten av alle verdas elvemuslingar held til i norske elvar, og Noreg har difor eit spesielt ansvar for arten.
Direktoratet for naturforvaltning har difor utarbeidd ein spesiell handlingsplan for å berga elvemuslingen frå utrydding. Kartlegging av dei gjenverande bestandane og deira levevilkår er ein viktig del av dette arbeidet.
– Elvemuslingane i Haukåselva er betre stilt enn fleire andre stader, meinar Kålås.
– Men diverre er det ingen vekst i bestanden. Larvene veks ikkje opp til levedyktig avkom. Då er det berre snakk om tiår før muslingen døyr ut.

 

Les heile saka i vår papirutgåve – eller kjøp avisa digitalt!

Denne artikkelen er importert fra vår gamle avis og kan derfor ha mangler. Vi jobber med å oppdatere alle artiklene i arkivet vårt.