Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJEST: Claus Sellevoll, artist og skuespiller. 

Lukta av gull og sosekjøtt

Osen, som var lærar og bonde, var drivreima i idrettslaget, og han såg ut som en krysning mellom Juha Mieto og Thomas Wassberg, der han holdt orden i rekkjene.

Mange av oss har framleis friskt i minne tvekampen mellom Vladimir Smirnov og Bjørn Dæhlie på Lungnet skistadion i 1993. VM i Falun, 15 km jaktstart. Kampen som til slutt enda med målfoto. Smirnov vart først utropt til vinnar før TV-bileta avslørte at Dæhlie hadde slengt eine foten fram, og kryssa målstreken nokre tusendelar framfor hovudet til den kasakstanske bamsen. Etterpå hugsar vi TV-bileta som avslørte ein tapper Smirnov som stod med den vetle dottera på armen medan tårene trilla nedover kinna. 

Minst like dramatiske scener var det då eg gjekk mitt første skirenn på Sellevoll i Alversund på byrjinga av 80-talet. Arrangøren var idrettslaget Alvidra, eller rettare sagt Osen. Osen som var lærar og bonde var drivreima i idrettslaget, og han såg ut som en krysning mellom Juha Mieto og Thomas Wassberg, der han holdt orden i rekkjene. Han brukte aldri mikrofon så alle var pukka nødt til å følgja med om ein ville vite kor skiløypa gjekk:

- Då får eg ynskje velkomen til skirenn. Dei som enno ikkje har fått seg startnummer skal gå bort i sekreteriatet å snakka til ho Åse. Dei som lyt gå på toalettet kan bruke utedoen vis a vis skulehuset, eller gå opp til Tverangeren å ringje på der, om ein er fin på det. No går eg gjennom løypa so no får de fylgje med: Starten går som de ser her i frå og sørover bøden hans Wilhelm, vidare over han Rasmus og han Oddmund og heilt opp til Fosse. Men hald tunga beint i munnen når de set utfor bakken ned mot han Kåre for der stikk den gamle silosvansen hans ein halvmeter inn i løypa i svingen lengst nede i dumpen, den kjem på dykk like før de skrir over hovudvegen og inn på bøen hans Olav. Viss de kjem heilskinna ned, so skal de berre fylgje løypa i skråbakken nedom epletreet hans Alfred – Der ska de ta 180 grader til høgre og ta på aust slik at de kjem forbi Kadetten til Maråsen. Der i frå skal dei som går 2 kilometer gå forbi Råthaugen og inn i Kleivane, mens dei som går 3 km går til venstre slik at de kjem ut mellom siloen og mottinga hans Wilhelm. Dei som går 3 km bør ha augo opne i tilfelle brønnen hans Wilhelm står open. No går eg i gjennom fem kilometeren så følg med, heldt Osen fram.

Eg kikka i kring meg. Vi var ei røys med ungar på startstreken denne søndag føremiddagen. Der var folk i frå fleire skulekrinsar, men brorparten var frå heimbygda. Eg hadde fått låna ho tante Magda, søstera til han farfar sine ski. To gamle vikingklubbar som ho i si tid hadde brukt på dei årlege påsketurane med indremisjonen på Kvamskogen. Han farfar var smurningsekspert og gav meg eit stearinlys til å gni under skia. På startstreken attmed meg stod den eitt år yngre Mortepompen. Faren hadde brukt heile laurdagskvelden til å smørja Åsnesskia hans og hadde brent treskia inn med sølv-swix under open peisflamme. Mortepompen gliste sjølvsikkert der han stadig vekk løfta opp den eine treskia for å demostrera den sølvpolerte skisålen. Men i det startskotet gjekk kom han ikkje av flekken. Skia var så bakglatte at han stod og spant som ein hjulvisp mens vi andre fauk avgarde.

Eg tok att Runen i det vi passerte kirsebærtreet te Rasmusen. Mora hadde kjøpt han slalomski med Kandahar-bindingar for at han skulle kunna bruka dei til både langrenn og slalom. Skia var så breie at han ikkje eingong kom ned i langrennsporet. Jonnyen derimot hadde Bonna Ski, men han røykte rulletobakk i smug og sprakk som ein ballong midt i Oddmundbakken. Storfavoritten, sonen til gullsmeden sprengte feltet, men hadde ikkje følgt med på løypeforklaringa til Osen. Han gjekk feil og kom sist i mål, sur som ei fela.

Eg runda inn grinda på stadion, eller rettare sagt Wilhelmmarka. Det var 150 meter til mål og eg hadde berre Tor-Helgen på sida av meg. Vi hadde gått ut i par, men Tor-Helgen var sterkare og seig sakte men sikkert i frå meg inn på oppløpet. 30 meter før mål begynte faren til Tor-Helgen å jubla. «Kom igjen Tor-Helge. Me har sosekjøt te middag, me har sosekjøt te middag. Kom igjen!» I det same mista Tor-Helgen balansen og gjekk på trynet fem meter før mål. Eg staka som ein gal og rakk å kasta eine foten fram over målstreken framfor hovudet på Tor-Helgen. Det var ingen tvil om kven som var først meinte Långe-Helgen som kom styrtande til med varm saft og gratulerte meg. 

Borti i ei snøfonn stod Tor-Helgen med tårer i augo, mens eg hørte faren trøysta; - Ikkje heng med håve, Tor-Helge. Me har sosekjøt te middag!

 

Relaterte saker