Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJESTEN: Claus Sellevoll.

Gull på villspor

Det er ikkje berre i skisporet dei norske idrettsheltane sankar gull.

Like ofte som skistjernene leverer nasjonen edelt metall, haglar det inn nye språklege klisjear og ordtak til stor glede for journalistar på evig jakt etter verbale gullkorn.

Heidi Wengs «bøyer meg i hatten» er allereie blitt ein klassikar. Seinast var det Therese Johaug som ikkje heldt hovudet kaldt då ho kom til å seia at ho var glad ho hadde hatt «is i buken». Og TV2s langrennsekspert, tidlegare landslagsløpar, Oddbjørn Hjelmeseth vil alltid bli huska for unnskyldninga si om «is i rubben», då han blei hekta av i OL-stafetten i 2010.

Men det er mange fleire. Og eg deler gjerne mine favorittar i desse VM-tider: - Her får han sitt internasjonale sammenbrudd, kunne NRKs Terje Dalby konstatera då Bjørn Dæhlie vann sin første verdenscupsiger på 15 kilometer klassisk i Salt Lake City i 1989. Eller då han skulle runde av ei sending der siste sak var endå ein siger til Bjørn Borg: - Ja, pokaler blir det mange av for den svenske tennissjampinjongen, utbasunerte Dalby.

Medan den som regel så snusfornuftige Gunnar Grimstad kunne stadfesta at: - Her lukter det kjempesprekk, då ei langrennsstjerne fekk det vel tungt i ein fiskebeinsbakke i ein verdscupstafett.

Litt betre gjekk det for ein ung og framadstormande Per Ståle Lønning som visste råd då han fekk trøbbel som nyheitsopplesar i Dagsnytt på NRK ein gong på 70-talet. Under ei sending gjekk det skikkeleg i ball for han - det vart stotring og stamming, ja, det kom usedvanleg mange feil frå mikrofonen på Marienlyst. Då Lønning omsider var ferdig, og skulle utannonsere seg sjølv, kom det iskaldt: - Dagsnytt - Sigmunn Hebnes!

På Brann stadion har trenarlegenden Mons Ivar Mjelde levert gull bokstavleg tala, som då han kjefta på ein småfurten Ramiro Corrales: - I Brann har vi det kjekt og det må du bare forholde deg til! Språklege tabbar «stikk i mot all strid», men til stor glede for folkemunnen. Og for alle som berre er middels interessert i idrett, kan i det minste dette vere underhaldande.

Den vakraste ordtaksfeilen eg veit om, er då den kjepphøge bergensaren hamna i krangel med ein stril på jobben. I kampens heite gjekk det litt for fort i svingane for bymannen, og i ein fullsatt lunsjsal smalt det frå bykjeften: - Du é kje akkurat den smarteste kniven i skoffen, ditt strilepakk! Det nye ordtaket «kom som skutt ut av ei kanonkule» og bymannen, som trudde dette skulle vere «kattens mus med leken», «tok sjølvsagt halen og stakk av mellom beina». Bergensaren og strilen fekk skværa opp og strilen måtte til slutt innrømma at heller ikkje han «hadde hatt så mykje høy i hatten» under den verbale disputten.

Det er berre å ønskja dei norske skistjernene lukke til vidare i årets VM og «håpa på at dei klarar å halda tunga beint i sin eigen munn», også utanfor skisporet. Så kanskje dei klarar å «treffa spikaren i kista» for ein gongs skuld.

Til svenskane er det berre å seia: «Brett opp armane», så vil de nok klara «å snu kjerringa til slutt».

 

Relaterte saker