Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJESTEN: Gunnar Låstad minnes sitt første kyss.

Leppestift med karamellsmak

Eg føle meg privilegert som har vokse opp i ei bygd som Salhus. Trygt og godt med opp til fleire aktiviteter. Ingen kunne klaga på fritidproblemer.

Da blei mykje fotballspel på ett mål og «alle» var med, uansett alder. 

Mine heltar i ung alder var Gunnar Austbø, Harald Halvorsen og Bjørn Selvik og resten av Norna Salhus sine  spelara. Gunnar var kanskje den største, eit fotballtalent utanom da vanliga som scora mål på bestilling. Harald var uredd keeper  som slengte seg i beina på folk uten å stussa. Bjørn den staute rolige spelar’n med sinnsjuke innkast. Han har forresten øve 70 meter i spyd som personlig rekord. 

Kampane på Ider’n var ein «happening», og eg fekk alle med meg, nabo til «Ider’n» som eg var. 

Dei første åra budde eg på kaien i Salhus hjå besteforeldrena mine. Då eg var 3,5 år flytta vi inn i nytt hus på Nygård og den lykkelige barndommen starta. Blei fort kjent med andre og da var ikkje vanskelig i eit nybyggerfelt. Da var born og unga øve alt, og leikekamerata.

Då vi etter kvart hadde familiebesøk fekk eg selvfølgelig spørsmål om eg hadde fått nye kamerata. Svaret mitt første gongen var: Ja, Osken. 

Osken eller Oscar Nilsen var, for meg, ein «gammal» mann i 1958, som vi unge fort blei glad i. Han var snill og oppmerksom og han hadde alltid eit ord å sei til oss små. Ingen tilfeldighet, han brydde seg, og ville at vi skulle trivast. 

Då eg etter kvart fekk mulighet å spela på A-laget, og i tillegg scora mål, jubla Osken; eg ser han før meg sittande i fluktstolen med eit stort smil og med jublande hender mot himmelen.

Flotte mål Gunnar, sa han, eg fekk eit klapp på skuldra. Sant er da, eg vart kry då. Osken var ein god mann. 

Aktiviteten var høg, alltid nokke å finna på, alltid nokke å gå på både sommar og vinter. 

Når kuldegradene kom blei da laga skøyteis på «Ider’n» og Alf Sunde, Olav Reigstad og heilt sikkert andre stod time etter time til vi kunne snørre på oss skøytene våre. Bane blei lagt med vekslingside, og interne stevner blei organisert. 

Fred Anton Maier, Knut «Kupper’n» Johannesen og Per Ivar Moe gjekk runde etter runde, men eg fant fort ut at skulle eg bli skøyteløpar måtta da bli sprinter. Utholdenhet va'kje min styrke akkurat. Sånn blei da for øvrig på fotballbana og, ein lat spiss med nase for mål (håpa eg). 

Høstkveldane var kjekke, då samla vi oss til «boks», «politi og røvar» og diverse andre leikar. Og so gjekk vi på slang eit par hektiske veker, vel…eg va'kje særlig tøff, men dei største guttane fylte lommena med plommer og epler. Berthelsen sine epler var knallgode, og mest populære. Men han følgte med, naturlig nok, og såg han oss fekk vi passet vårt påskrevet.

MEN: «Kyss, klapp eller klem». Da var spennande, veldig spennande, då eg var i midten og lurte på ka jenta bestemte seg for, blei da kyss, klapp eller klem? 

Med bind for auna kjente eg lukta og smaken av kysset midt på truten.

Leppestift med karamellsmak er ikkje te å kimsa av. 

Spennande? I allefall for meg.

Har dei forresten slutta å selga sånne leppestifta?

Relaterte saker