Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJESTEN: Claus Sellevoll.

Katten og kallen

Det var ein nydeleg vårdag. Vi sette oss i bilen for å ta fatt på den humpete vegen heilt frå Sellevoll til Sætre på Voss.

Der budde ho Tante Borgfrid og han Onkel Erling som hadde bondegard. Bror min og eg hadde mast som berre ungar kan; om vi ikkje fekk ein kattunge snart, var livet nærast ikkje til å halda ut. Vi hadde vel knapt passert Alversund før far min fyrde i den fyrste av ei rekkje kvite Pall Mall, men det var ikkje snakk om å opna vindauga, for trekk skulle vi ikkje verta utsett for! Mor hadde tatt med nokre karamellar som løn for at me sat i ro på den humpete vegen opp Bergsdalen, over Hamlagrø og lika til Voss. Vel framme var vi grøne i trynet begge to, og steig ut or bilen i ein kvalmande eim av sigarettøyk og Dixie-karamellar. Snart var turen gløymt, og i ein liten kasse kunne bror min og eg beundra ikkje ein, men tre små fortryllande nøste som skulle få vera med oss heim. Det fekk våga seg at influensa truleg var på veg, for nasen rann, og halsen var tørr og sår. Men eg var den lukkelegaste 8-åringen på jord.

Om morgonen dagen etter styrta bror min og eg inn i stova for å sjå til våre nye familiemedlemmer, men i korga låg berre to av kattane.  Spede pipelydar førte oss til peisen der den eine kattungen hadde kilt seg fast i røret mellom pipa og omnen. Uansett kor vi lirka og lokka, høyrde vi ikkje anna enn dei spede pipelydane som vart svakare og svakare.

Etter ei kort minnestund, med meg som prest sjølvsagt, trøysta bror min og eg oss med at vi  i alle fall hadde to kattungar igjen. Eg som var storebror, og naturleg nok den klokaste av oss,  fann ut at vi burde la kattungane få vera i høystålet på låven. Der var det sikrare.

Dagen etter skulle han farfar og eg i floren for å sjå til den eine oksen som hadde vorte sjuk. Då vi kom inn i fjøsen såg vi eit kvitt nøste klint oppetter fjøsveggen i rein Tom og Jerry-stil. Katten var stein daud. Han farfar slo fast at kattungen hadde forvilla seg inn i mellom beina til oksen, som så hadde langa ut ein fot og spent stakkaren or båsen og bort på hi sida av floren. Der låg han som eit slakt. Han farfar tok kattungen i ein brødpose og grov han ned bak løa mens eg samla nokre løvetann til jordferda.

Då vi kom inn att i floren, låg oksen og onka seg. Eg tenkte at han kanskje hadde dårleg samvit for drapet tidlegare på dagen, medan han farfar heldt fast på at han antakeleg hadde svelgt ein spikar for han hadde ikkje rørt verken mjøl eller silofôr. Ein snau time seinare var dyrlegen på plass. Han kunne konstatera at oksen truleg hadde svelgt ein spikar slik han farfar hadde meint. Dyrlegen fekk mordaren (oksen) til å svelgja ein magnet, så skulle begge delar finna vegen ut på naturleg vis. Då dyrlegen var ferdig med oksen, gjekk han og han farfar ut på tunet og tok seg ein røyk. Han farfar fortalte dyrlegen om kattungen som hadde gått av med døden etter møtet med oksekloven. Begge skrattlo av den tragikomiske episoden, først i skorsteinspipa og sidan i floren. Heldigvis har dei no ein att, sa han farfar og peikte på den nydelege kvite tassen som leikte med eit grasstrå like bortanfor. Etter praten sette dyrlegen seg i bilen og køyrde.

Nokre minutt seinare gjekk eg for å lokka på den siste kattungen vår. - Pus, pus. Eg hadde ikkje før sagt orda, der attmed muren, nøyaktig der dyrlegen hadde stått parkert låg katten. Stein daud. Han farfar var komen til. Me vart ståande og sjå på den daude. Han farfar slo fast at det var dyrlegen som hadde rygga over han. Eg stod der me tårene i augo. Tre kattungar måtte bøta med livet på under to døgn. Han farfar trøsta meg og sa: – Ja, ja, men du é no ikkje lika opphovna i auena og so andpusten so du va her hin dagen.  

 

Relaterte saker