Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJESTEN: Gunnar Låstad.

Fredagsgjesten:

Ein glad laks

Stort sett kan eg vel sei at eg et all mat, og alltid mykje når eg først set tedna i da.

Kan eg likavel velga tar eg alltid nokke eg lika, nokke eg har ete før. Vil væra heilt sikker på at detta er goa greie. Andre kan bytta på da for at da virka spennande, og kan prestera å sei, uten å vera skuffa at nei, detta vakje godt.

Skuffelsen kan virka urimelig for dei som laga maten, men da var verre før når eg var yngre, enn da er no, men eg kjenne på da. Heimifrå lærte eg å vera takknemlig for maten eg fekk, var ikkje snakk om å klaga. Når eg i dag et på restaurant klaga eg aldri. Kan ikkje heilt forklara da, men sånn er da.

Da var jul i heimen ein gong for lenge sia. Julafta gjekk vi til kyrkje, mens mor var heima og gjorde klar maten. Sama kvart år, og eg gledde meg å spela til gudstjenesten med korpset. Nøttveit foretta, flink han, han snakkte til oss unge. På vei heim var livet godt å leva, tankane mine var i matfatet og da var presanga under juletreet, med håp om ny klokka med dato.

Eg åpna gatedøra, gjorde meg klar for å kjenna den fantastiske lukta av jul og pinnakjøt. Men ikkje detta året. Sjokket var stort da ei lukt eg aldri hadde kjent før bombarberte luktesansen min so kraftig at eg i fleire år ikkje klarte lukten av fisk. Til middag skulle vi ha lutafisk, skjelvande og ekkel og motbydelig. Og ikkje nok med da, klokka eg fekk var uten dato. Utakknemlig? Ja, må vel innrømma da.

Ein gong i Odda var da enighet i Vinskvetten om å bestilla fisk til middag, ikkje min favoritt som sagt, men shit la gå, får vel kjempa meg ijøno da, tenkte eg. Maten blei servert, sannsynligvis bederva, og etter nokken få tygg reiste eg meg fra bordet og gjekk ner i kiosken og kjøpte meg ein feit hamburger. Maten stod igjen etter meg, dei andre åt opp, eg håpa min porsjon gjekk til katten.

Når eg skriv detta er eg på veg til Tenerife, avslapping, soling, god mat, god drikke og eg tar livet med ro eit par veker. Restautantbesøkena blir som dei alltid er for min del. Meny senor? Si, gracia, svara eg. So vært da å leita. Tysk-finsk-engelsk-spansk-svensk meny. Ka mat vært da? Tar stort sett ingen sjanser, bestille sikkert. Vil kosa meg.

Men for nokre år sia, på Tenerife, hadde eg bestemt meg for å eta nokke spesielt. Da ende likavel opp med indrefilet kalv, mens sausen skulle vera variasjonen. Maten blei servert, himmel og hav, ka er da eg har bestillt? Sosen er jo blå. Han skal vera brun, ikkje blå for svarten.  Eg hadde bestilt BLÅSKIMMER-sos. Kan da værta verre. Katastrofe. Kvelden blei redda då desserten kom på bordet. Verdens største banansplitt, med varm eplekaka og krem i tillegg. Da kom seg då.

Vi var på ferietur, mor og far, søster og bestefar og tante med familie. To kvite folkevogner av gårde med telt, primus og full oppakning på taket. Veldig kjekt. God tid til eit fergeleie, mor og tante gjekk av på nærmaste butikk for å handle litt, mens vi andre kjørte til ferga. Tida gjekk og da nærma seg avgang, mor og tante var ikkje å sjå. Panikken begynte å ta far, bestefar og onkel mens dei speida bortetter vegen.

Ingen å sjå, skulle vi kjøra av ferga innestengt som vi var? Nei, da var umulig, og da var ikkje akkurat ein halv time mellom kvar avgang. Nei og nei kor vært dei tå, har da skjedd nokke? Men akkurat tidsnok kom dei heseblesande inn på ferga, våt av svette mens panikken til dei tre andre gjekk øve til blanding av lettelse og sinne.

«Sjå ka vi har kjøpt!» sa dei. Innpakka i matpapir låg da flottaste stykket av ein røykelaks du kan tenka deg. Slett ikkje vanlig med ei sånn delikatesse. Bestefar åpna opp, set naså ner te fisken, ser på døtrena og kastar laksestykket rett i Sognefjorden. «Bederva», sa han og gjekk og sat seg i bilen.

Til kveldsmat blei da brødmat og syltetøy, og glad var eg.

                                                                                                       

 

Relaterte saker