Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FREDAGSGJESTEN: Eg blir kjempeimponert når eg ser eller les om folk som bidrar heilt uegoistisk te at andre skal ha da bedre, skriver Gunnar Låstad. 

Ildsjelen

Min påstand er at frivilligheten er den største bidragsyter til verdiskapning her i landet. Eg har ikkje eit reknastykke å bidra med, da har eg ikkje håve te, men kan da egentlig målast i penga?

Kan da heller målast i livskvalitet, for dei som skapar verdiar og alle som dreg nytte av da? Veit i allefall at livskvalitet er meir enn pengar i eiga lommebok.

Eg blir kjempeimponert når eg ser eller les om folk som bidrar heilt uegoistisk te at andre skal ha da bedre, enten da er no på fjellet eller i bygdene rundt oss, eller på sjukeheimane. Vi har mange av dei rundt oss, treng ikkje nevna navn, for vi veit kem da er. Pensjonisten som gleda dei gamle og sjuke med song, musikk og omsorg, dei som går med material, hammar, spikar, øks og sag og gjer terrenget lettare å ferdas i på Tellevikfjellet og på Veten. Eller dei som bidrar for at barn og unge kan holdas i aktivitet med fotball, friidrett eller ka da måtte vera av fysisk aktivitet. Åsane Historielag som gjer ein kjempejobb for å ta vare på  kulturarven vår her ute i Åsane.

Og dei gjer da ikkje for eigen vinning eller for å få bilde i avisen, eller for heder og ære desse entusiastane. Dei gjer da med overbevisning om at bygdene blir meir en berre eit navn på kartet.

Johannes Kalvik var ein sånn mann. Ein bauta i lokalsamfunnet. Starta opp med althorn i Salhus Musikklag i 1931, eit noteark med C-durskala. Den måtte lærast, og so kom da ei tid då han måtte sitta i korpset blant dei vaksne og følga med på notane uten å spela. Korps fanga Johannes, og da skulle visa seg at da blei eit livslangt kjærlighetsforhold til korpsmusikken.

Han har mottatt so godt som alt av hedersprisar, og «kun» for at han har gleda andre med sin entusiasme og pågangsmot, kreative kraft og ikkje minst hans egenskap som menneske. Ein egenskap som går langt øve dei aller fleste. Hans betydning for livskvaliteten i Salhus, som 17. mai og i jula. Gleda som spres utøve bygda vår med klingande tonar, enten det er marsjar, nasjonalsongar eller fanfare til  flaggheising. Når musikklaget speler jula inn 2-3 timar på julafta forskjellige plassar er verdt mykje meir en pengar. Johannes har vore med på denne tradisjonen heilt frå han begynte som 14-åring til langt opp i høg alder. Eg veit at han ikkje spelte i jula 1958 då han hadde skada seg i foten, kanskje nokken andre gongar og, men det er berre heilt eneståande fantastisk gjort.

Han gav seg å spele i korpset til jul 2003 etter 72 års aktivt medlemskap, i ein alder av 87 år. Eit par år seinare stavra han seg ner på Slettebakken på veg til son sin på Meland for å feira jul. Eg spør om han vil dirigera ein song. Da vart to vers av «Det kimer no til julefest». Emosjonelt og flott. Eller ka sei du May Britt?

Han dirigerte Hordvik Musikklag i 25 år, og Eikanger Bjørsvik Musikklag nokre år i startfasen av deiras karriere. I tillegg var han svært delaktig i oppstarten av Salhus Skulemusikk i 1951 som dirigent/leder. Han «sa seg opp» etter ca 30 år.

Då han ikkje var like aktiv i korpset, var han ei drivande kraft og samlingspunkt på eldresenteret i Salhus. Dårlig hørsel og skrantane helse stoppa aktiviteten dei siste åra.

Johannes hadde ei samlande kraft kor han enn ferdes, og ei sosial antenne langt øve normalen.

Som dirigent og utøvar var da ungdommen som var viktigast. «Da er dei som er framtia» sa han alltid.

Eit lite eksempel: Ei ung jente var begynt på bakrekka i SML, og i pausen gjekk ho og dei andre unge ner på kafeen og kjøpte snop. Var kje lov med snop og slikt på øving, men dei sneik til seg litt, ubemerka trudde dei. Johannes merka sjølvsagt dette, ei jente merka seg at han såg og smilte nervøst. 

Johannes rakk fram handa og sei: «Spandera du eit drops». Ho spelar endå.

Han blei gravlagt 19. mars i Salhus Kyrkje, 97 og eit halvt år. Kvil i fred onkel, i musikkhimmelen.

 

 

Relaterte saker