Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Fredagsgjesten: Gunnar Låstad.

Detta gjer meg stolt av å vera frå Salhus

Eg føle meg privilegert som har vakse opp i Salhus. Sånn e da med oss som ser verdien av å veksa opp på ein plass, ei bygd, liknande som Salhus.

Da e månge sleke plassa i landet vårt, og da e månge som har levd livena sine i si bygd uten å reisa til syden eller Amerika eller Paris eller ka da måtte vera. Dei har brukt bygde til å leva sitt liv, og bygda har levd med dei og gjort dei lykkelege. Arbeid har dei hatt, fritid har dei hatt, nokke å gå til, nokke å leva for, og leva med.

Musikklaget, koret, idrettslaget og meire til, for meg musikk og idrett, for andre nokke ant. I Salhus hadde vi alt - absolutt alt heilt til by’n tok oss att, med betre kommunikasjon, eit heilt anna handlemønster og betre velferd. Alt er ok, for so vidt, vi kan ikkje stoppa utviklinga, dessverre vil nokken sei.

Har vi vunne nokke, eller har vi tapt nokke? Eg spør meg sjøl. Skal vi akseptera at da e blitt sånn, vi kan kje gjera nokke likavel, eller skal vi kjempa for at bygda MI skal leva vidare i lag med alt da nya, sørga for at kulturen blomstrar, sørga for at kulturarven vår blir ivaretatt.

Vi har da so travelt e da nokken so sei, har’kje tid til nokke som helst. Mi meining er at da kun handla om prioritering, om viljen til å delta, og viljen til å kutta ut da behageliga. For vår del kan vi tenka kor mange dugnadstimar som gjekk med då Salhushallen blei bygd. Kor mange dugnadstimar som gjekk med på å bygga idrettsplassen i Salhus. Hadde vi klart da i dag? Neppe. Skal sjølvsagt ikkje gløyma betydningen av å ha to store arbeidplasser i Trickoen og Væveriet, og deira betydning. Men detta ser vi rundt i heile landet, eller i nærområdena våre. Folk med vilje og entusiasme til å hiva seg rundt og bygga og driva for eksempel musikkhusena i Hordvik og Haukås. Ikkje meir enn imponerande.

Eg blir varm om hjerta når eg står på kaien 17. mai, eller spela julasongar rundt om i Salhus julafta. Detta er nokke som betyr nokke, som gjer deg stolt av å vera frå Salhus. Når Salhussongjen ljomar utover fjorden i strålande vårvær, og når julesongar legg seg over bygda julafta som eit dempande teppe og gjer signal om ro og fred. Eg håpa at detta vil vara i uoverskuelig framtid, eg håpa at eg alltid har energi til å delta.

Då eg var unge hadde vi alt i Salhus, trengte egentlig ikkje reisa til by’n. Butikkar i fleng, post og bank og anna offentlig. Kino kvar onsdag og søndag. Vi hadde kafeen til Vabøen der dei store alltid sat å røykte, drakk cola og åt hot-dog. Vi hadde arbeidsplassar i hopetal, vi huska vel når fløyta i fabrikken blåste til pause. Da aulte med folk som gjekk heim til middag, eller i butikkane for å handla, eller berre rett og slett for å slappa av, kosa seg med is eller kanskje kjøpa seg ein skillingsbolle. Da var mange som jobba i Salhus som ikkje budde i bygde, men alle la i frå seg pengar til eit aktivt næringsliv.

Kaien var full i unga som leika, eller såg på ferga som gjekk mellom Salhus og Frekhaug. Aktiviteten var stor, og ikkje minst når helga kom og køen til ferga kunne stå opptil idrettsbana. Bilnummer blei samla i ei notisbok, men ka i all verden brukte vi da te? Huska når eg fekk nummeret til eit dollarglis som krusa gjennom Salhus, eller ein Merzedes.

Mor mi jobba i banken, i skranken, med blant anna Ingebjørg Seim, Magnus Falkanger, Tysnes’n og banksjef Olav Hordvik. Den gongen var da ikkje barnehage eller FAU so eg rekte vel rundt fram og tilbake, inn og ut av dørna til vi gjekk heim til middag. Var mykje hjå besteforeldrene mine, for alle fira budde i Salhus, var heldig sånn. To i Nora-Salhus og to i Søra-Salhus.

Ingebjørg Seim i banken spurte ein gong om eg kunne kjøpa fem skillingsboller på Samyrkjelaget. Eg for ner med pengar og kjøpte. Problemet var at eg gjekk ikkje oppatt men for etter kvart ner til bestefar (farfar) til han sa at eg måtte gå heim å melda meg til middag. Gjekk innom banken på veg heim for å sjå etter mor. Ingebjørg Seim ser meg og spør etter skillingsbollane sine.

– Dei har eg ete, sa eg.

– Alle fem, sa ho?

– Ja, alle fem, sa eg.

Då lo ho lenge, mens eg den dag i dag synest da var pinlig.

Jaja, eg har alltid hatt næringsvet.

Relaterte saker