Lokalavis for Åsane og omegn!
  • NYE KRAV TIL SYMJEUNDERVISNING: – Nasjonale prøvar i kroppsøving er ikkje svaret, men ein politisk lynavleiar for dei verkelege utfordringane, seier Kjersti Toppe. (Arkivfoto: Erik Madsen)

– Norsk skule har neglisjert symjeundervisinga

Kunnskapsdepartementet vil innføre nasjonale prøvar i symjing. – Ein politisk lynavleiar for dei verkelege utfordringane, seier Kjersti Toppe (Sp).

Ifylgje regjeringas nye kompetansemål i læreplanen skal elevar på 4. trinn (10 år) kunne symje 200 meter (mage/rygg), med innlagt dykk og tre minutt kvile.

Vanskelege krav

I eit intervju med Bergens Tidende 15. juli hevdar førsteamanuensis i kroppsøving ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, Idar Lyngstad, at krava er vanskelege, og at langt frå alle elevar vil kunne få slik kompetanse etter 4. trinn.

Istaden meinar han at dette vil gje eit auka prestasjonsjag og eit sterkt og uheldig meistrings- og ferdigheitsfokus. Stortingspolitikaren frå Toppe er ikkje ueinig i dette.
– Det er all grunn til å lytte til Lyngstad, seier Kjersti Toppe, og legg til at det er defensivt og alvorleg om kompetansemåla i  læreplanen ikkje skal gjelde alle. 

Reelle kompetansemål

– Meiner vi noko med at elevar må kunne symje og drive livberging, må dei kunne nettopp det.
Halvparten av norske tiåringar er ikkje symjedyktige, noko ho meinar skuldast at norsk skule har neglisjert symjeundervisinga i alt for mange år.

– No må norske barn få lære seg å symje. Men det er ikkje omfattande nasjonale prøvar med folkehelse-fiendtleg målefokus som må til for å sikre dette, seier ho.
– Alle barn må heilt enkelt sikrast nok og god symjeundervisning slik at kompetansemåla blir reelle for alle, samstundes som elevar blir vant med å leike og å oppleve mestring i vatn.

Ingen statlege midlar

Toppe meinar at definerte kompetansekrav må føre til tilpassa undervisning. Om nokon elevar treng meir tid, må dei få det.
– Det er jo her skulen har svikta totalt tidlegare. Læreplanen har lenge sett krav om  at elevar på 4. trinn skal vere symjedyktige. Det nye er at det å vere symjedyktig, no er definert.

I Stortingets spørjetime 28. mai spurte Kjersti Toppe om korleis elevar skal tileigne seg dei nye symjekrava. Svaret frå statsråd Torbjørn Røe Isaksen (H) var at dette er kommunane sitt ansvar, og at det «ikke på noen måte» er aktuelt å bidra mer statlege midlar. Samstundes melder NorgesBarometeret at åtte av ti kommunar no planlegg kutt i driftsutgifter som følgje av svikt i skatteinntektene hittil i år.

Ein politisk lynavleiar

– Symjeundervisning blir neppe prioritert i ein slik situasjon, kommenterar Toppe.
– Det å gjere norske barn symjedyktige er eit viktig nasjonalt ansvar.

Det vil koste pengar å gjere dei nye kompetansekrava til reell kompetanse hos kvar enkelt elev, noko ho meinar at regjeringa må innsjå, slik at kvar elev kan sikrast god undervisning og nok tid i basseng.
– Nasjonale prøvar i kroppsøving er ikkje svaret, men ein politisk lynavleiar for dei verkelege utfordringane.

Av

Magne Fonn Hafskor

Relaterte saker