Lokalavis for Åsane og omegn!
  • GJESTEKOMMENTAREN: Gunnar Låstad er bassist i Vinskvetten, postmann, entusiast og populær skribent i Åsane Tidende.  

Den første ti-pakningen kjøpte eg hjå Alfred'n på Haualeite

Siste sigaretten eg røykte var 2. oktober 1993 kl. 22.30.

Kubba ein raud Prince i askebegeret, og sa til meg sjøl: aldri meir røyk. Avtalen med meg sjøl har eg klart å holda, men må vel inrømma at etter et års tid låg ein snusboks i lomma mi. Heldigvis går da på portion. Får satsa på at da óg blir slutt på ein dag. 

Den første ti-pakningen kjøpte eg hjå Alfred’n på Haualeite, vel… ikkje eg då, men ein eldre kompis. Uten å innhalera nokke særlig kjempa eg han i meg, og synest eg var kjempetøff. Kompisen min var litt tøffare, han hadde begynt før, og kunne da. Kan berre ikkje skjønna da, hosting og harking og kvalm og elendig, men ner skulle da, for røyka skulle vi. 

Gøymte pakningen i løa ved sia av butikken, og var nere å «trente» på røyking med jevne mellomrom. Økte på med Rothmans og etter kvart South State (uten filter). So kom rullings’n, Bristol, som vi gøymte bak bussgarasjen på Nygård. Petterø’s blei favoritten.

Eg skylda ikkje på Alfred’n, han dreiv butikk og selte selvføgelig til dei som var gammal nok. Han var ein fin fyr, rolig og kjekk. Hadde alltid eit lite ord til oss unge når vi var inne og snopte litt eller kjøpte is. 

Då vi skulle til by’n, på skuletur, tok vi som oftast bussen i frå Haualeitet. Då sa han alltid: «Jaja, de skal til te by’n». Då vi kom heimatt sa han: «Jaja, de har vore i by’n.» Eg svarte ja på begge spørsmål.

Eg må inrømma nokke som eg gjekk å knagde på i fleire veker. Fristelsen blei for stor, eg stelte ein gummimann frå snopehylla til Alfred’n. Når godsaken låg smadra mellom jekslane mine og på veg nerigjøno halsen kjente eg at anger’n kom, var sikker på at han ville merka da, og at eg ville komma i fengsel. Leste på ansiktet hans om han var sint eller streng i blikket, og prøvde å unngå han. Heldigvis hadde eg gebursdag nokre veker etterpå, og fekk litt penga. Gjekk ner på butikken  og kjøpte tre gummimanna, la tilbake to når han ikkje såg og gjekk ut med rein samvittighet. Ein grønn, ein gul og ein raud. Den raude tok eg sjøl. Ette da har eg aldri stelt, da blei ein alt for stor belastning. 

Nokken eldre guttar ba ein kompis om å gå inn på butikken og kjøpa ei pose med mannagummi. 

Han kom fort ut igjen, tomhendt, og sa: «Dei hadde ikkje. Kjedelig at dei e tom for da so e so godt». Løye vart da, når vi etter kvart skjønte ka da gjekk i. 

Alfred og kona hadde og innlevering av klær til rensing, lettvint og flott for folk i Salhus. Da var eit stykke til by’n, og uten bil var detta tilbudet supert.

Ved sia av butikken spelte vi på strek med femøringa, og han stod og såg, når han hadde tid. Vant ein potten putta vi femøringane i lomma og trudde ein var rik. Spelte vidare, og tapte heilt sikkert alle igjen. Hadde vi litt i lomma, fôr vi sikkert inn og kjøpte snop. Skitne fem-øringa var vel gjenna ikkje da kjekkaste Alfred’n fekk i kassen sin.

Men da gjekk vel opp i opp tenkje eg. Kjekt var da. Har likavel ei lita skål med fem-øringa stående i ein bod, har ein tendens til å ta vare på ting og tang som blir for vanskelig å hiva. Har blanda fem-øringane med to-øringa og ett-øringa. 

Ta vare på nostalgien, då gløyme ein ikkje. Eg er vel da dei kalla ein romantisk nostalgiker, og slit med å kasta ting. 

Sløsing er verst, har ei bøtta med skeive spikra som eg benka ut når eg skal forskala nokke. Sannsynligvis er da på grensa te idiotisk.

Kona til Alfred’n jobba og i butikken. Ein dag ho stod i kassen kom ei bergensdama inn for å handla, og tok ivrig kontakt med kona. 

«Vet du hva fru Langeland, jeg har fått meg helautomatisk vaskemaskin. Det er bare helt fantastisk.»

Fru Langeland svarte på sin litt utvatna stavangerdialekt:

«Ja, det har vi hatt en stund frue, det er bare helt fantastisk».

Forbausa svarte bergensdamen: 

«Åh, sier du det?»   

 (Pause)     

«Jaja, men vår er MER enn helautomatisk.»

 

 

 

 

Relaterte saker