Lokalavis for Åsane og omegn!
  • GJESTEKOMMENTAREN: Ho Brynhild var einaste trøsten når eg sat og kvidde meg i stolen. Snakka beroligande, og var ekspert i å roa oss ner, skriver ukens Gjestekommentar, Gunnar Låstad. (Illustrasjon: Sigve Solberg) 

Kvit i trynet sat eg meg i tannlegestolen; Brynhild var einaste trøst

Vi hadde skuletannlege i Salhus i min barndom. Han var et mareritt for å sei da rett ut. Ikkje han som person, heilt sikkert ein kjekk mann, men som «pinar», ja rett og slett ein «pinar».

Sprøyte på tre kilometer, bora som vinte og skreik verre enn måsa i parringstie. Vatn som bobla og spruta ner i halsen på deg. Sat og kjempa med å svelga vatn.

So var da å velga om ein ville ha bedøvelse eller ei. Sprøyta var verst, og eg kunne vel berre ha da so godt når eg ikkje valgte bedøvelse. Boren angreip nervena med vellyst og åt seg nerøve mot røtna og nervena. Kjempa mot tårna, kneip meg i låret. Hadde hørt at da hjelpte. Hjelpte ikkje i da heila tatt.

Når tanna var ferdigbort var da vatnsprut rett i nervena for å kvitta seg med rusk. Og ette da var da luft for å tørka opp. Eg får lyst å banna, men eg trur eg gjer da inni meg. Kjenne at eg asa meg opp her eg set.

I dag er hygiena viktig, da var da ikkje då. Hårete fingra som han stappa inn i kjeften på meg, og hadde han dårlig ånde, eller røykte, bombarderte han luktesansen min te han var ferdig. Munnbind var vel ikkje oppfunne.

Dei andre skulane i Åsane brukte og tannklinikken i Salhus. Dei sat og venta utafor tannlegekontoret, og når da ringte til friminutt og vi språng forbi, gjorde vi da heilt sikkert ikkje lettare for dei. Stakkars folk, da må ha vore fryktelig.

I dag e da andre bolla, nesten behagelig å gå te tannlegen. Kvir meg gjer eg i allefall ikkje. Har verdens beste tannlege på Arken tannlegesenter.

Da banka på døre til klasserommet. Alle frykta da versta; var da tannlegedamo so kom for å henta eit offer? Og ganske riktig; dar stod ho og sa navnet til den utvalgte, med kvit frakkje og med et stort smil, sa ho: «I dag e da han Gunnar sin tur». Prøvte å registrera alt verktøyet som var lagt fram. Håpløst. Eg kjente angsten kom, panikken tok meg, og eg kjente eg måtte akutt på do. Alt var berre tåka. Kvit i trynet og blå på lippena sat eg meg i tannlegestolen so hadde vindu ut mot skuleplassen, og såg alle som gotta seg. Dei må’kje prøva seg, deiras tur kjem, og hevnen e søt. Problemet var, med meg, at da klarte eg ikkje. Hadde alt for stor medlidenhet med stakkarane. Hevn er ein uting, og rett og slett bortkasta. 

Ho heitte Brynhild og ho var rett dama på rett plass. Som ung jenta kom ho til Salhus frå Eikanger, trur eg. Ho og to venninner. Dei blei buande i Salhus og gifta seg med kvar sin flotte salhusgut. Brynhild gifta seg med Monrad’n, trommeslagar, revyartist og tegnar. Han spelte i Salhus Musikklag og vart verande i 60 år. Arva trommena etter far sin som og var med i mange år.

Ho Brynhild var einaste trøsten når eg sat og kvidde meg i stolen. Snakka beroligande, og var ekspert i å roa oss ner. Stod alltid klar visst da var nokke, holdt meg i armen eller handa med eit vennlig smil. Hennas nervær virka på meg. Snille Brynhild tenkte eg. Hadde ikkje gått uten ho.

Tanna blei bårt ut – totalt, og hulrommet skulle tettast igjen. Fira amalgam og åtta marsipan. Kjente at roen kom, endelig ferdig. Ein lettelse når han knirka amalgam’en på plass. Marerittet var øve. Men… hadde ikkje før tenkt da, før han sei: «Da gjør vi klar til neste tann». SPYTT UT, GUNNAR. GAP OPP, GUNNAR. Gler han seg? tenkte eg. Høyrest da ut so han gler seg? Sviiiin.

Eg kasta auna på ho Brynhild, ho virka akkurat so vanlig, smilande og fornøgd. Tannlegedame er forskjellig som resten av befolkningen, men for meg var ho Brynhild den beste og den flinkaste.

«Detta går fint Gunnar, snart ferdig no». Da gjorde da, selvfølgelig. Såg meg i speilet før eg gjekk ut, og dar venta to bleike elevar frå ein aen skule. I følge ho eg e gift med var ho ein av desse som sat og venta, men da skal vel litt te at da var akkurat denne gongen.

Amalgam er snart ein saga blott, har ei fylling igjen frå den tie. Litt av ein jobb dei hadde med redde elevar, står respekt av da synest eg. Dei gjorde jobben sin og behandla oss etter datidens utdannelse, med utstyret dei brukte. Lura på om dei hadde litt traumer etter endt arbeidsdag, og om dei sov dårlig. 

Da tvila eg på. Da blir fortalt at ein kar frå Salhus skulle te tannlegen ette gammalt. Etter litt undersøkelse spør tannlegen: 

«Blir litt jobb her – vil du ha bedøvelse?» 

«Hahhaaaaa! Ingen i frå Salhus treng bedøvelse» svarte kar’n. 

Tannlegen kjørte på og bora uten stans. Tøffingen blei villare og villare i blikket og svetten sila. Tannlegen skifta bor, og då kjem da stammande og skjelvande i frå salhuskar’n: 

«N-n-n-no har da seg slek at eg kjem ikkje i frå SJØLVE Salhus!» 

 

Relaterte saker