Lokalavis for Åsane og omegn!
  • HANDTAKET: Akkurat når eg skulle tømma, rauk håndtaket, bøtta smalt ner på fjellkanten, møkk og drit spratt opp samtidig som nordvesten kom som ei kula mot meg, fortel gjestekommentaren, Gunnar Låstad. (Illustrasjon: Sigve Solberg)

Då handtaket rauk

Milepæla har vi alle i detta livet. Ein som vi ikkje merka nokke te er sjølvaste fødsel’n, kun mor merka vel nokke dar. Kvar fødsel blir vel ein milepæl, tenkje eg.

Skulen tar til, og for meg varte da i 10 år + folkehøgskule. Utdannelse blei da ikkje, fekk meg jobb i posten, og blei verande dar. Etter eit halvt års tid som fast ansatt var da tid for militæret og førstegangstjeneste. Egentlig tilfeldig, men havna på Madla i Stavanger. Passa godt da, kjæresten min, Michelle, hadde reist til Koparvik for å gå på Utgarden Folkehøgskule. Kort vei med båten til Koparvik frå Stavanger. Såg kvarandre sjelden då ho flytta i august. Eg pakka mitt og reiste med skuleskipet Gann til Stavanger 9. januar 1975. Ein milepæl i livet mitt.

Innljosert på Madla og etter da eit allmannamøte i matsalen. Vi blei ønska velkommen, med fleire presentasjoner, der i blant musikkansvarlig. Han spurte kor mange som spelte i korps, og ba dei melda seg. Eg reiste meg fort og etter kvart vart da ca 25 stk som danna eit brassband. Da viste seg å vera eit godt valg.

Fleire spelte kornet eller trompet, so eg heiv meg på trombone. Kjekk da i seks veker å prøva seg på et nytt instrument.

Vi fekk ein del andre gjeremål, som å få reisa litt rundt å spela. Blant anna til Bakkebø Åndsvakehjem i Egersund. Mens eg sat dar å spelte registrerte eg ein kar som virka veldig kjent, og ganske riktig, etter speling fekk eg kontakt med han. Ein salhusgut med eit kjent ansikt sat og smilte te meg, og jaggu visste han ikkje kem eg var.

Vi blei sittande å prata resten av kvelden, og då vi skulle reisa tilbake såg han på meg med tåre i auna og spurte om eg ville komma å besøka han ein an gong. Da blei ikkje nokke av, men seinare har han vore på besøk hos meg i Klauve. Så vidt eg veit bur han no på Flaktveit.

Da var fleire som satsa på tidlig «dimming». Budde på rom med ein som prøvde, men fekk avslag. Endte med at han pissa i senga kvar natt og slutta å dusja. Til slutt måtte han hivast i dusjen. Enden på visa blei selvfølgelig «dimming».

Helsesjekken var løyen. Vi måtte gå inn på eit rom, fleire i lag, for å ta tempraturen. Var da nødvendig tenkte eg, ingen problem å kjenna om ein har feber. Vi var fira inne på et rom. Ner med undikken og inn med apparatet, la gå, og ut igjen. Såg grett ut for min del. Ved sia av meg var de ein som klagde si arme råd, han fekk ikkje termometeret ut igjen. Blei kje aktuellt for meg å hjelpa so eg henta ein i kvit frakk. Han ser forundra på kar’n og sei bestemt «Ikkje rør deg» og spring ut. Da måtte ant redskap til enn fingrane. Menig soldat hadde putta heila termometeret, bak lukkemuskeln, heilt inn i da unevneliga, og med kvikksølvtermometer var kje da lurt. Heldigvis gjekk da bra, men da blei ein snakkis i lenger tid selvfølgelig, og en del latter.

Koppevaksinasjon var på gong. Store sjanser for feber og sengeligging fekk vi beskjed om. Eg hadde fått permisjon og ba om å få sleppa, til over helga, men nei da gjekk ikkje, enda eg hadde lagt planer om å treffa Michelle. Permisjon blei inndratt, men eg gav meg ikkje og til slutt fekk eg lov å reisa. Eg ner til Karmøy og fekk bu på eit rom på skulen, med streng beskjed om ikkje nokke nattlig stevnemøte. Våkna om natte og var full i feber, og når Michelle kom opp til meg om morningen var eg nesten gått i koma. Ho fekk meg ner på rommet sitt og sat med meg heila helge, og følgte meg til båten dagen derpå. Da einaste eg huska var nokken brusflasker som stod på nattbordet, ellers var eg totalt vekke. Øve 40 i feber, og blei liggande til sengs ei veke på rekruttskulen. Aldri vore so sjuk.

Resten av tjenesten skulle eg vera på båt fekk eg beskjed på, men eg klarte å grina meg te ein radarstasjon på land. Skulle selvfølgelig ikkje gjort da, blei plassert 7,5 mil sørvest for Tromsø ut i hav gapet på ein radarstasjon dar kaserna var bardunert fast. Først buss-so båt-so måtte gå ein halvtime øve Sommarøya til Hillesøy for gå opp på toppen etter ein løypestreng. Såg kje lyst på situasjon då nei. 1 år her oppe. Bevare meg vel.

No skal ikkje eg kjeda alle med alt som skjedde dar, eller ikkje skjedde på stasjonen, men tenkje eg tilbake i dag so var da egentlig ein opplevelse. Fekk jobba på fiskebruket med lossing og lasting av fiskebåta, og vi 7 som var der hadde da etter forholda bra. Men savnet etter kjæresten var tøft. Fekk ringa nokken gonga når befalet var på jobb, og var heima to gonga fra påske -75 til januar -76. Etter det Fjell festning på Sotra.

Eine gongen på perm var bryllupet til søster i august -75, og no nærma eg meg poenget.

Reiste frå Tromsø med ull på kroppen og varme vintersko, og landa på Flesland i 30 varmegrader. Sommaren året i nord var begredelig og like eins høsten. Storm og nedbør og da so verre var. Befalet vegra seg å komme opp til oss, vi var nesten isolert. Doen blei ødelagt, og vi måtte benytta oss av eit utedo. Ingen ville ut å tømma doen. Etter kvart blei da rimelig fullt, og da danna seg ein pyramide opp øve kanten. Skulle vi bommelibomma sprang vi opp på sjølve stasjonen og brukte ei større bøtta som befalet brukte. Doen var tett der og, og litt etter litt fylte bøtta seg opp. Befalet kom opp gav grei beskjed, bøtta måtte tømmast. Alle kvidde seg, ingen respons.

Ikkje ein gong loddtrekning gav resultat. Til slutt tok eg og ein fra Askøy ansvar, kledde på oss og gjekk opp på stasjonen- tok bøtta i mellom oss-gjekk bak stasjonen mot stupet ner mot havet. Planen var å tømma bøtta på ein liten avsats før da stupte rett i havet. Vinden kom i «råse», so vi måtte vera rask. Du skvulba og skvalpa når vi gjekk, ca 30 meter. Rimelig stille, og eg sei: «Eg tar resten», bøyde meg ner og tok onna bøtta mens eg løfta handtaket.

Akkurat då eg skulle tømma, rauk håndtaket, bøtta smalt ner på fjellkanten, møkk og drit spratt opp samtidig som nordvesten kom som ei kula mot meg. Hadde ikkje sjangs, massen overfalt meg, heile meg. Hår, klær….alt var dekt med menneskelig avfall. Askøytappen lo, eg skreik og stivna totalt. Luska meg etterkvart ner til kaserna, bakvegen. Dei andre hørte da gjekk i døra og Askøytappen spør: «Korleis gjekk da, Gunnar?»

Ansiktet var møkkete og eg fata ein gensar, tørka meg godt i trynet mens eg svarte: «Da skal du berre drita i».

Dusjen eller varmtvannsbeholdar’n blei tømt for varmt vatn, og eg skrubba meg nesten til blods; nåde dei som klagde på kaldt vatn.

 

 

Relaterte saker