Lokalavis for Åsane og omegn!
  • FLAISEN: Da va flaisen so va viktig med Elvis’n, ikkje musikken, skriver Gjestekommentaren Gunnar Låstad.

     

Musikk og oppvekst

Før i tie var da ikkje ein selvfølge å reisa te by’n, setta seg i bilen å berre ta seg ein tur. Da tok for lang tid, ein time med bussen var normalt. Dei gongane ein gjorda da var da sværa greie. Fin i klena, nybada og rein i håret.

Då eg var ni år fekk eg brylkrem i gebursdagspresang hjå søstre mi, ville sjå ut som Elvis’n som ganske sikkert fleire og ville. Måkte oppi i håret og prøvde alt eg kunne å få til flaisen, få den tøffe slengen fram i panna, men akk, ikkje kor mykje eg balte fekk eg da te. Hadde rett og slett ikkje hår til da. Skrudde på korken og la heile tuben vekk, og kjente eg misunte alle med Elvis-flais.

Da blei godlukta til onkel’n min som var frisør, ikkje verst den, lukta i allefall godt. Te’ by’n for å kløppa seg hjå onkel’n min og Keratin i håret, var fornøgd då. Da va flaisen so va viktig med Elvis’n, ikkje musikken. Va’kje spesielt glad i den, sjøl om eg ser at han var ein stor artist. Men håret skulle etter kvart bli endå viktigare, svært viktig.

Da begynte med Beatles på begynnelsen av 60-tallet, og eg var frelst. La vekk yndlingsplata mi som var «Menuett i Mai» med Vidar Sandbeck, og prøvde alt eg kunne å få høyra på da nya som kom. Berre å få sjå et bilde av Beatles var stort, i dressane sine og hår som vaks ut øve øyrna. Musikkinteressen min gjekk rett til himmels, og sjøl om da var Beatles på 60-tallet, so dukka da opp band etter band som bergtok meg i ung alder. Diskusjoner om ken so var best var da daglig, men smaken er som baken. Har derfor vanskelig for å skjønna meg på musikk-konkurranser.

Da som toppa mitt 60-tall var då Beatles første gongen, i 1967, blei vist i ein direktesendt TV- produksjon. Beatles framførte for første gong «All You Need is Love» direkte til heile verden. Andre store artistar sat rundt bandet og song med. 

Dei politiske artistane som Bob Dylan, Joan Baez med fleire, slo seg fram frå midten av 60-tallet og alt kulminerte med Woodstock. Verden ha’kje vore da samma ette den konserten. Protester og demonstrasjon florerte i USA og Europa. Peace and love bevegelsen. Fri sex og nakenhet. «Flower Power» var definitivt et faktum og brystholdarene fór veggimyllå, og pirra ein ung kropp. Førte med seg mykje elendighet, med sjokkerande nyheter om fyll og utagerande oppførsel blant alle gruppene. 

Meldingar om dødsfall. Jimi Hendrix. Janis Joplin. Brian Jones. Dette var aldeles nifst for meg, og ein an verden for ein beskjeden salhusgutt. Da førsta eg tenke på fra Woodstock er forresten Joe Cockers versjon av «With a Little Help From My Friends». Gigantisk versjon av ein gigantisk artist. 

Slutta å kløppa oss gjorde vi og. Håret begynte å gro ut øve øyrna litt etter litt, lik Beatles og Stones – da vart verre og verre. Verden var i moralsk forfall.

Beatles gav ut «Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band» i juni 1967, et utenomjordisk album. Kan’kje gløymast når eg skriv mine erfaringa frå desse åra. 

Bergen Beat var og i full gang, og pop-grupper dukka opp både her og der. Til og med i Salhus var da nokken som starta opp, og vi som var yngre satt og høyrde på når dei øvde i kjellar’n i garderobeanlegget på «Ider’n». Da var heilt enormt, og fantastisk kjekt. For øvrig har alle bandmedlemmane klart seg godt. Bjørn Jensen og dessuten Helge Solberg, som har levd som musikar frå han reiste til Danmark som 17-åring. Rett og slett imponerande.

Vokalist Finn Langeland i politikken og NHO, men regner med at han fortsatt spela munnspel, og på trommer Øyvind Konglevoll, veteranbåtentusiast og pensjonert brannmann. Navnet på bandet var «Sophisticated Blues Association», dei skulle visst satsa på da engelska markedet. Stilig navn i allefall. Bjørn og Helge har bevist at ein kjem langt med interesse og talent. 10 prosent talent og 90 prosent øving blir blir da sagt. Nytta ikkje å leva på talentet, øving, øving og øving er resepten enten ein vil eller ikkje.

Samtidig var da ikkje heilt stovereint å bala med sånne ting. Da blei sett på som ukristelig og umoralsk, og eg min tosk trudde selvfølgelig at eg aldri ville få sjansen til å spela i gruppa, eller driva med musikk. Skulle ønskt at eg begynte før, men ein kan’kje få med seg alt. Eg har hatt eit fantastisk liv med musikken i fleire varianta. 

I 1970 var eg 15 år og den progressive musikken, eller hardrocken, hadde etablert seg blant oss unge. Led Zeppelin-Deep Purple-Black Sabbath og ikkje minst min favoritt Uriah Heep. Eg og ein kompis spelte luftgitar framfør speilet mens «Easy Living» dundra ut av høyttalarane, og vi kora på dei flottaste balladene ein kunne tenka seg: «Rain» (Uriah Heep), «Stairway to Heaven» (Led Zeppelin) og «Soldier of Fortune» (Deep Purple). Ja, det var tider det. Ballader kunne de laga desse långhåra slaurane. Metallica og «Nothing Else Matters» bør vel og nevnast, sjølv om dei kom vesentlig seinare.

Da var magisk og heltane var laaaangt utafor vår rekkevidde, å kunna høyra dei live blei sett på som uoppnåelig. Tia har forandra seg kan ein trygt sei. I dag får vi dei heilt inn i stova kor tid vi vil. På TV, eller setta seg på et fly til London eller København. Eller sjå  dei på Koengen.

Kjekt da selvfølgelig, men magien forsvinn litt for min del. Konsertane blir for stor for meg, foretrekke når da er mindre. Neil Young i Grieghallen for nokre år sia var kjempe, og litt seinare Crosby, Stills & Nash på samme plass. Då sat eg «ringside». Bevare meg vel, da var fantastisk å vera so nær dei, få songane rett i øyra, høyra at de spela gitar, sjå Graham Nash legga seg på de høge tonane, klokkerein og klart. Heltedyrkelsen var kjekkara før, på 60- og 70-talet då eg stod framfør speilet og spelte luftgitar, eller drog i håret for å sjekka om da dekka øyrna, eller studerte platecoveret om igjen og om igjen.

The Tremeloes hadde monsterhitten «Silence of Golden». Bjørn J og Ausekarane spelte på ein festival ein gong sammen med bl. a The Tremeloes. Han sat i garderoben og åt rundstykke med kjøttpålegg og kvitost, i livlig prat med akkurat dei. Eller Ken Hensly (Uriah Heep) som spelte i by’n, og Bjørn fekk lov å introdusera han på scenen.

Normale mennesker i vanlige sko, nesten litt kjedelig. Hadde da vore for 50 år sia hadde vel han besvimt eller gått i koma.

Som han sa, ironisk nok, om SITT store forbilde: «Da er nesten so eg er glad for at Jimi Hendrix har forlatt oss». 

Han vil for alltid vera magisk, utenomjordisk og uoppnåelig, men ikkje musikken.

 

 

Relaterte saker