Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Skina blei spent på bekarane, og vi la i veg på roten snø og klister under skia. Etter kvart som da var tørrare snø begynte skia å klabba. «Gli på skina Gunnar, ikkje gå,» sa faren til forfatteren av ukens Gjestekommentar, Gunnar Låstad. 

     

Klabbetrynet

Skitura eller fjelltura var ein vesentlig del av oppveksten min. Far var ein naturens mann, og kjempesprek. Han elska å gå på fjellet enten da var sommer eller vinter, og fekk oss unga med. Kan’kje skryta på meg da samma, da er da med den dørstokkmila.

Paradokset er likavel: Har eg først komt meg ut, er da ein befrielse å trekka inn lukta og lufta; medisin for kroppen.

Ein gong vi gjekk frå hytta til hytta i Stølsheimen med eit fantastisk vær og skiføre, sat vi oss ner for å nyta sole. Etter ei stund sa far: «Kan du høyra kor stille da er?» 

I ein periode var han og oppsynsmann for turlaget i Stølsheimen. Tømming av børsna i sjølvbetjeningshyttene var ein del av da. Kvisting av løyper på vinter’n var og nokke vi balte med nokre år, og ingenting er som å komma til hytta og få i seg varm suppa etter ein tung dag med kvist på ryggen. Da blei kvista frå Trefall i Eksingedalen til Solrenningen i Høyanger kommune sør for Sognefjorden.

Detta var tida før Selhamarhytta vart bygd, og turen frå Trefall til Rappen var ein voksen tur med kvist på ryggen. 

I barndommen gjekk turen ofte i fjella i nærområda: Tellevikfjellet, Nordgardsfjellet, Veten og «Hostefjellet». Kjekt å stå på Nordgardsfjellet å hoia, når ekkeoet kom tilbake frå «Hostefjellet». Av ein eller an grunn kalte vi da akkurat da, ikkje Høgstefjellet som da vel egentlig heite.

Synest å huska at da var med mykje med ski på beina. Eine turen i 7-årsalderen endte med beinbrudd og opphald på sykehus. Far bar meg ner frå fjellet. 

Vi fekk oss tidlig bil på tunet, Opel Caravan – 1958-modell. I alle barneåra då da var flott vær i påska, reiste vi på dagstura til Kvamskogen. Far preparerte skia kvelden før og spente dei fast på takgrinda. Ryggsekken blei pakka med matpakka og saft. Mor kokte kakao og heiv på termosen, og putta vel oppi ein kvikklunsj i sekken som ho skar opp i småbitar og gav til oss når vi hadde pause. 

Kjøreturen var kjedelig med dårlig og smale vegar og ikkje minst kø-kø og atter kø. Detta var før vegen med gul stripa kom innøve mot Samnanger. 

Vel framme var da å finna parkeringsplass, da og tok si tid. Skina blei spent på bekarane, og vi la i veg på roten snø og klister under skia. Etter kvart som da var tørrare snø begynte skia å klabba. «Gli på skina Gunnar, ikkje gå». 

Enkelte gongar var da fryktelig. Einaste eg tenkte på var saft og appelsina, som låg i sekken. «Nei, ikkje no. Vi må venta», sa far. Tunga hang som eit slips, og armane verkte. Snart framme no? Rekna med eg spurte meir enn ein gong. Negerlandsbyen (e vel forbudt å skriva da) blei passert, og vi satte strake vegen mot Sota. Vel framme forandra alt seg frå katastrofe til lykke. Når ein sat seg ner i solveggen og mor tok fram mat og drikka, var alt slite gløymt. Sitta og sjå på utsikta og nyta kakao, saft og sjeva med syltetøy og brunost var fantastisk. Mor delte appesina og tok fram kvikklunsjen. Smilet kom fram hjå både meg og søster.  Belønningen var enkel, men svera greie og gav ein herlig lykkefølelse.

Lærdommen var tung, men er da so farlig? Ein kan’kje komma lettvint til alt her i livet.

Når ein glir bortover kvite vidder, stille og flott med påskesola stikkande i ansiktet, for eksempel i Stølsheimen, gjer da nokke med meg, men eg blir flau av å tenkja på at da blir alt for sjeldent, eller for å sei da so da er: Har’kje gjort da på fleire år. Alt ant har blitt prioritert.

Øyvind med familie har hytta på Kvamskogen, og han har gått mykje og långt på Kvamskogen. Opplevelsa som eg, har han og. Lange tura med saft i sekken, og appelsina på vent. Snart framme no. Øve neste bakketopp. Kom igjen, Øyvind. Safta låg og verkte ner i sekken.

Han var 10 år og årets tur til Kvittingen var på gong. Sekken blei pakka, skina preparert og ein ung gut la seg på stavane. Kvittingen skulle bestigast. Ein vaksen tur for nokken og ein kvar. Øyvind er ikkje akkurat typen som gjer seg. Har han bestemt seg er han ikkje te å stoppa. Talentfull kar på mange måtar,  ydmyk og generøs, og ikkje minst ein klartenkt fyr. Han visste ka han gjekk te, kjem eg meg opp, vært da ein super nærøvetur i allefall. Saft og appelsina og litt sjokolade før da. Premien.

Etter fleire timars slit ser 10-åringen toppen med lengsel i blikket, og da einaste han tenke på er saftflaska som ligg klar i sekken. Søster er og med, dei skulle dela på safta. 

Heilt oppe set en kar som eit rovdyr og venta på eit bytte. 

Han ropa: «Øyvind!», og vinka 10-åringen bort til seg.

«Halloen! Er du komt deg opp her? Imponerande altså. Du skulle ikkje tilfeldigvis ha litt drikka til overs i sekken?»

«Jau, eg har vel da trur eg», svara han skeptisk.

«Spandera du ein liten slurk?» 

Rovdyret skjønna at redningen var komt, 10-åringen var eit lett bytte. 

Han skrudde av korken, sat flaska til kjeften, og på eit blunk var flaska tom. 

Øyvind  såg på flaska. Tomt. Kun litt til å fukta tunga. 

«Jæ... bra, Øyvind. Takk skal du ha. Sorry at eg drakk alt,» sa han, spente på seg skia og forsvant nerøve fjellsida. Han var 10 år eldre. Du hendelse for et rævhål. Han skulle rett og slett vore stokkaprylt. Han bær navnet sitt med rette, og til evig tid: Klabbetrynet.

 

 

 

Relaterte saker