Lokalavis for Åsane og omegn!
  • Me hadde ein spelar so var svært lojal og la ner ein stor innsats. Han fekk jobben med å markere ut Helge Haugen. Beskjeden var: «Du er etter han uansett kor han er», og han so gjorde. Plutselig fôr Helge inn i garderoben, han måtte på do, skriver Gjestekommentaren, Gunnar Låstad. (Tegning: Sigve Solberg) 

Å henge på Helge Haugen

Som eg har skreve før har musikk og idrett vore ein viktig del for min livskvalitet. Hadde ikkje klart meg uten, sånn er da berre.

Spelte aktivt fotball til eg var 27 år i lavare divisjonar, og gav meg aktivt då da var tid for å bli trenar for ungdommen i den gong idrettslaget Norna Salhus. Seinare blei da Bergen Nord, når fotball’n trakk seg ut og starta Bergen Nord FK.

Starta opp med eit småguttelag med 13-14-åringa. Den gongen vart aldersgrensa satt til før og etter 1. august, da blei ikkje reine årslag for den gjengen. Grønne drakter med tversoverstripe som trakk til seg vatn so da holdt. Mange gode spelara, kan i allefall nevna Arne Sandstø, som har spelt på toppnivå i Norge og er/har vore trenar på toppnivå i Norge. Flott type med godt humør og klare gode tanker om fotball. Dette laget har for øvrig ni uavgjort kampa på rad i Norway-cup, og deler av laget har spelt 16. delsfinale i samme cup. Ikkje verst da. Tapte 1-0, i 35 grader på Ekebergsletta. 

Huska og ein seier over Tromsø i gruppespelet. Tromsø kom til finalen og vi rauk ut, ja sånn kan da gå. 

Då guttane mine vart gammal nok starta eg opp med dei. Først ut var eldstemann naturlig nok, fram til han blei guttespelar(15-16 år), etter da nummer to. Tredje mann var eg delvis trenar for, sjølv om eg stort sett var interessert far. Veldig kjekke år vil eg sei, kanskje dei kjekkaste åra i mi fotballtid. Hevda seg godt alle sammen, og seier i Åsane cup, Brann cup og ellers lokale cupar med gode resultat. Likavel syntes eg at å vera trenar for dei unge virkelig er givande. Fotballgleda, treningsiver og sosial samhold var unikt og gav meg virkelig god livskvalitet. Håpa da sama for alle eg har trent, og for dei vaksne, som foreldre og medtrenara. Minnast dei åra med stor gleda. 

Etter at eldstemann gjorde da bra som senior i fleire år, vart da mest fotball som tilskuar for meg, og mange gode opplevelsa har eg fått lov å vera med på. Eg har tenkt mykje på desse åra med fotball. Suksess er alltid kjekt, men når eg får høyra  frå dei unge at gleda og samholdet alle desse åra var lika viktig som kampane dei vant, gjer da meg virkelig varm om hjarte.

Mange kjekke turar til sommarcupar var høgdepunktet for dei aller fleste, og Norway Cup var selvfølgelig ein opplevelse for alle. Blir litt stort og uoversiktlig for meg, so eg foretrekke noke mindre cuper. 

Vi trenara og lagledara hadde mange kjekke år sammen. Roald’n, Hans’n og Lars Olav, Terje – vi har mykje kjekt å sjå tilbake på. Dei fyrste åra var da vanlig at foreldre ikkje var med, men da kom seg betraktelig etter kvart. Eit par sommarturar var so godt som alle foreldrepar med. Sogndal, Hønefoss, Eidfjord og Sørlandscup. Mykje leik og mykje latter – bevare meg vel.

1982-modellane var ein stor gjeng. Vi var tre som starta opp, Lars Olav, Hans’n og meg delte laga opp geografisk frå Saudalen til Hordvik/Salhus.Terje kom med andresesongen. Høgdepunktet eine sesongen var Brann cup. Vi spelte oss fram til finalen, og skulle møta Voss med Kristian Ystaas på laget. Bana på Nymark var fullstappa av folk, og stemning var til å ta og føla på. Ein jevn kamp som vi vant. 3-2 målet kom i slutten av kampen og jubelen stod i taket. 

Ein av 82-spelarane kom seint i gang med fotball, og nivået hans var sjølvsagt ikkje på nivå med dei andre, men ein kolossal innsats på trening og i kamp gjorde at han utvikla seg raskt. Etter kvart blei da 11’ar-fotball og blant andre Åsane hadde mange gode spelara, på eit godt lag, og ein av dei var Helge Haugen (Åsane, Brann, Sogndal og Hønefoss). Me hadde ein spelar so var svært lojal og la ner ein stor innsats. Han fekk jobben med å markere ut Helge Haugen. Beskjeden var: «Du er etter han uansett kor han er», og han so gjorde. Plutselig fôr Helge inn i garderoben, han måtte på do. Etter ei stund kom Helge ut igjen med vår spelar i hælane. Han hadde stått og venta til Helge var ferdig.  Kan godt forstå at han blei irritert. Korleis kampen gjekk huska eg ikkje, huska kun innsatsen til vår mann. Sannsynligvis tapte vi.

Då dei var yngre var ikkje seier og suksess da viktigaste, men leiken og den sosiale biten. Ingen krav om ditten og datten frå spelarane. 

Da må ha vore første sesongen, og vi hadde stelt i stand litt avslutning til ferien med is og brus etter trening. Vi prata om kor dei skulle på ferie, og da var alt mulig. Nokken skulle til Amerika, og fleire skulle til syden eller andre plassar i utandet.

Heilt bakerst stod minstemann, Hallstein, og vifta utålmodig med armen. Då turen kom til han, klarte han nesten ikkje snakka då han skulle fortelja om familiens ferieplana.

«Kor skal du på ferie då Hallstein?» Eg var sikker på at han i allefall skulle til Amerika. Men nei, dei hadde andre planer. 

«Vi skal til Norheimsund,» sa Hallstein jublande med eit stort smil. Turen var ein ting, men dei hadde kjøpt seg campingvogn. Å få sova i ei campingvog var sværa greie. 

 

Relaterte saker