Lokalavis for Åsane og omegn!
  • INGEN PYNTAR: Nokken pyntar har eg aldri vore, av ein eller aen grunn set eg nissane på feil plass gong på gong. Det har blitt mykje på Michelle kan du skjønna, set pris på da - rimelig travelt dar i gården og, i førjulstia, skriver Gjestekommentaren, Gunnar Låstad.  

Da har blitt mykje på Michelle kan du skjønna

So vart da jul igjen, med alt da føre med seg. Presanga og mat og rydding og vasking og kaving og pynting, og i tillegg skal julatreet kjøpast og setjast på fot.

Kan’kje skryta på meg at eg er flink til alt detta, blir fort stressa må eg inrømma, jaja, bortsett frå julatreet, då. Går grett da.

For min del har da vore mykje jobb i yrket mitt opp i gjennom åra, og då tar eg med meg da som har foregått på scenen i tillegg. Jula har i mine yrkesaktive år vore særdeles viktig, med julekort og julehelsingar i postkassene siste vekene før jul. Inn om kveldane for å sortere og tidlig på jobb dagen etter. Da gjekk i ett fram til julafta, og ein var rimelig sleten når julekvelden kom. Har derfor blitt mykje på Michelle kan du skjønna, set pris på da - rimelig travelt dar i gården og, i førjulstia.  

Men nokken pyntar har eg aldri vore, av ein eller aen grunn set eg nissane på feil plass gong på gong. Lika da gjer eg heller ikkje, da blir omtrent som julehandling med nissemusikk som tyt ut frå alle høgtalara i alle butikka. Då foretrekke eg Ottoen på Knarvik senter som set og klonka på pianoet sitt no i førjulstia, då plystra eg både andrestemma og tredjestemma på ein gong når eg «rasa» gjennom Knarvik senter med post og pakke.

Ein eldre kar, lettare irritert, pikka meg i ryggen ein gong, og spurte: Kor ti skal du ta B-sia? Kan ikkje den melodien, sa eg, men eg lova, eg skal øva på den og.

Klart at feiringa blir kjekk. Vi skal til Voss i år til eldstemann, og tre barnebarn med store forventninga. God mat og ei røys med presanga som skal lesast opp. Glade og fornøgde unga som ikkje kan venta på å pakka ut. Mjuke og harde pakka om ein an. Den følelsen huska eg frå barndommen min, sjølv om da var andre dimensjonar den gongen. Gleda var lika stor.

Julafta for meg har vore lik i mange år, og i tillegg til presanga og god mat, so var musikk og speling viktig. Opp om morgonen med store forventninga, spent og glad. Kanskje da var komt snø, eg såg ut, men som oftast var bakken bar her vestpå.

Som skulemusikkgutt blei da kyrkja og gudstjeneste. Eg og far, som var dirigent, gjekk ner tidlig for å setta opp stola og rydda plass for korpset. To yngre søsken kom ner seinare, og med korpset sat vi oss i alterringen og spelte julasongar sammen med menigheten og orgelet. Kåre Nødtvedt foretta, og han snakte til oss unga, snakte direkte til oss, so timen gjekk fort sjølv om  tålmodigheten fekk bryna seg.

Avslutning med «Deilig er jorden», da runga i kyrkja når orgel, korps og menigheten song alle tre versa med full hals. Fantastiske minner som gjer nokke med meg. Song og musikk i kyrkja er heilt spesielt.

Som vaksen har da blitt musiklaget som kvar julafta startar julaspelinga klokka 13.30 i Klauvarinden på Klauvaneset, forsetter sørøve på Slettebakken, kaien, Salhushallen, hauen på Nygård, Lehaugen på Gamlanygård, før vi avsluttar spelinga ved kyrkja når folk kjem og går mellom gudstjenestane. I fleire år spelte nokken av medlemmane frå galleriet etter at skulemusikken blei nerlagt på begynnelsen av 90-tallet. Heldigvis starta vi opp igjen etter ti års kvile, og dei lever i beste velgåande. Musikklaget blei stifta 1911, og kvart år sia 1913, bortsett frå krigsåra, har musikklaget og medlemmar frå skulemusikken spelt rundt om i Salhus på julafta. Folk i Salhus opnar vindauga for å trekka inn julamusikk, alle er glade og helsar god jul. Eit lite stopp i Salhushallen med gløgg og sjokolade høyrer óg med.

Eg har lyst å gje honnør, uten å fornærma andre som har spelt, til Johannes Kalvik og Irene Haukås, som i år etter år har spelt frå galleriet i kyrkja juledagane. Forundra meg ikkje om kornetten til Irene er med 1. juledag i år og, men uten Johannes, som døydde i mars, 97 år.

Eg skal ikkje gløyma Tor Inge, som alltid stillar opp når han blir spurt om å vera med.

Dessverre blir den tradisjonsrike spelinga uten meg i år, då turen går til Voss. Tankane mine vil likavel vera i Salhus desse tre timane, men du og du kor eg gler meg til å feira jul med familien min på Voss. Bendik, Frida og Sofie – no er da berre ei natt igjen før nissen kjem. Rasmus og Elida feira i år med mormor og morfar i Øygarden på gården der morfar vaks opp, men neste år skal vi feira saman.

Først på jobb, og so snart er eg klar. Etter dusj og klesskifte kastar vi oss i bilen. Vel framme, samme følelsen som alltid. Døra går opp og lukta av jul strøymer mot oss, mens forventingsfulle barnebarn kjem i mot og gjer oss ein god klem. Hei bestemor, hei bestefar, hei onkel Erlend, og oldemor, ja verdens beste oldemor som våre barnebarn forguda. Kor ho tar da i frå veit ikkje eg, men ho er berre eineståande. Eg hiv meg på og seie verdens beste svigermor i tillegg.

Kjenne meg takknemlig då, at vi i detta landet kan feira vår høgtid i fred og fordragelighet saman med familiane våre. I denne søte juletid bør vi dela freden med alle som må leve i krig og elendighet, fattigdom, flyktningleira, med familie som manglar nokken, far, mor, søster, bror. Tragisk og ikkje til å begripa at mennesket kan vera so kynisk og brutal.

La oss likavel kosa oss og nyta livet, og visa alle at demokrati, toleranse og menneskeverd er vegen å gå for et godt liv. Da er først og fremst i da nære vi må starta, og ikkje gje slepp på da.

God jul alle!

 

 

Relaterte saker