Lokalavis for Åsane og omegn!

Tomata

«Ho legg posen med tomatane på vekta og ser etter ka knapp ho skal trykka på. Ikkje full kontroll selvfølgelig og trykke på ”interkommen”.»

Eg er født i 1955-10 år etter 2. Verdenskrig. Født i et optimistisk tiår, der alle såg lyst på framtia og hadde store forhåpninga. Bilana gjorde sitt inntog for alvor, og da blei etter kvart utover 60- og 70 talet heilt vanlig å ta sertifikat. Alle kjøpte seg fjernsyn, og flyturar både innanfor landets grenser og utafor, som for eksempel sydenturar.

Radioen stod sterkt i folks dagligliv både før og etter krigen, og ikkje minst under krigen. Viktige meldinga frå krigen blei hørt på i all hemmelighet-risikabelt var da, og straff venta visst dei blei oppdaga.

Freden kom, og lykken var stor blant befolkningen. Eit av resultata var befolkningsøkninga som kom året etter. På Salhus skule for eksempel, måtte da opprettast to klassar frå elevar født i 1946, og kulla var store fleire år etter. 

Program både for små og store, og ikkje minst då nyheter med været-by og bygdenytt og fiskerimeldingane stod på programmet, skulle da vera stille i huset. Ser endå bestefar før meg som sat bøyd øve radioen for å få alt med seg, hørsel’n var da skralt med  dessverre.

Mine favorittprogram var barnetimen om morningen med Alf Prøysen, og Kirsti Langbo som spelte på slurva. Gøy da, lærte meg både slurving og melodien.

”Taremareby” med Ingebrigt Davik var og spennande. ”Hit eit steg og dit eit steg vandrar vi saman på skuleveg”. Kjekke songa, han hadde ei behagelig stemma Ingebrigt’n, og dialekten var nydelig. ”Fram og tilbake-Fram og tilbake. Kom og bli med oss til fiskarland” var ein an.

På skulen hadde vi skuespel frå ”Taremareby”.

Rolla mi var Flyndre Flat -hadde ikkje gått i dag for å sei da sånn.

Ingebrigt Davik er frå Fjørtoft i Haram kommune på Sunnmøre og flytta som 6 åring til Brattvåg.

Seinare var barnetimen om lørdagen kjekk å høyra på. Hadde alltid radioteater, med fortellingar frå eksempel Astrid Lindgren. ”Rasmus på Loffen” – ”Mio min Mio og so vidare.

Ønskekonserten var og populær. Gledde meg til mandagane kl 1900. Noterte ner alle, og lagte statistikk i fleire år. Kor den er blitt av veit eg ikkje, men i 1970 var ”Gryta hennar mor” mest spelt. Ganske spesiellt altså, og vi var nok rettelig stolt vil eg tru. Året før var da ”Gluntan” og ”La oss leve for hverandre”.

Då eg var i militæret på rekruttskulen på Madla kom akkurat desse på besøk, og hadde konsert. I og med at eg var med i velferden, sat eg ”ringside”, og kem andre en eg måtte opp på scenen til ein gjettekonkurranse. ”Kom igjen Gunnar-du tar da du”. Enkle spørsmål-klarte alle, og premien var altså å få synga ”La oss leve for hverandre” sammen med ”Gluntan”. Kan kje akkurat sei at da var ein ønskedrøm, hadde vel andre musikalske favoritter, men da gjekk no bra - eg gav jernet-sjøl om da var pinlig.

Jaja so kom detta fjernsynet då, og radioen blei mindre og mindre brukt sjøl om ønskekonserten fortsatt var kjekk å høyra på. Programmet har følgt NRK heilt sia 1950 og fram til i dag. Populær kan vi trygt sei at den har vore.

Barne TV overtok for barnetimen, og det eg huska best er Ragne Tangen ”Pernille” og norskamerikanar’n ”Mr. Nelsson”. ”Hjelp hjelp Pernille-Bjørnen kommer”.

 ”Pompel og Pilt” selvfølgelig og mange fleir.

Som litt eldre var da selvfølgelig Detektimen med ”Helgenen” og ”Simon Templer” og for ikkje å snakka om ”Fantomet i Louvre”. Den serien var skummel og eg fekk ikkje lov å sjå. Sneik meg av gårde til ein eldre kamerat og fekk sjå episodane dar . Han fekk sjå alt.

Og dar sat vi med ein pute i fanget, som vi la framfør ansiktet når da blei for skummelt.

Alt detta har gått i rasande fart dei siste 40 åra, både radio og fjernsyn med hundrevis av kanala.

Dagliglivet har gått i samme tempo, som handling i butikkar. Før hadde dei handlebok dar dei noterte ka dei ville ha, mens kjøpmannen henta varna i hylna. Nokken handla på krita, og eg tippa dei hadde sitt svare strev med å få inn skyldige beløp. Tirsdag var den store dagen, då hadde kjøpmann klar ukeblad til kunda -Allers , Norsk Ukeblad og Donald Duck selvfølgelig. Til helga gjorde kjøpmann klar varena frå lister han hadde fått, og kjørte rundt til folk med banankassa full i mat.

Etter kvart kom sjøbetjeninga, og da var kje heilt enkelt for alle. Måtte vega frukten sjøl eksempelvis, og da var diverse knappa å trykka på.

For fleire år sia kom ei gammal dama inn i ein butikk opp i Åsane og skulle handla litt. Ikkje mykje, men ho skulle i allefall ha tomata. Dårlig til beins med handlenettet i eine handa og stokk i andre. Gjekk bort til grøntforet og putta 3 tomata opp i ein plastikkpose. Ho visste at ho måtte bort til ei ny vekt dei hadde fått, og fått forklart korleis ho skulle gjera detta.

Ho legg posen med tomatane på vekta og ser etter ka knapp ho skal trykka på. Ikkje full kontroll selvfølgelig og trykke på ”interkommen”.

”HALLO-HALLO”, kom da frå ”interkommen”

Ho svatt til og hadde da ikkje vore for stokken hadde ho ramla på rygg.

”HALLO ja, kem ringer”?

Damå stavra seg mot dar stemma kom i frå.

”HALLO JA-e’ det nokken der”, kom da frå stemma-irritert.

Ho ser seg rundt-usikker-strekke seg fram mot høgtalar’n, forfjamsa og sei:

”Tomata”